LÅVEN PÅ VALEN 31 mai 2010
Halv fem var det klart for visekonsert med Jan Eggum på låven. I den romslege låven må det har vore kring 200 personar. Kjende og kjære Eggum-songar fekk dei som hadde opplevd dei stridbare syttiåra til å både nikka og nynna. Nydeleg var framføringa av Ta meg med, der Eggum fletta inn ei historie om ei kvinne i ei grå pølsebu ein stad på Austlandet. Syttitalet gjorde han levande med låten Heksedans:
Jan Eggum held konsert på låven.
– For mange er det bare en teori, men for mange av oss var det blodig alvor!
Mor, jeg vil tilbake, Ryktet forteller og Alarmen går, På ’an igjen og songen om Onkel Lauritz: Den vekte mange minne hos dei store, medan dei små fekk noko å tenkja på.

